Benkeplater

Benkeplate i stein set prikken over i`en på kjøkkenet ditt. Brukar du benkeplate i stein ser sjølv det rimelegaste kjøkkenet frå ikea eksklusivt ut.

Platene er og godt eigna til bad eller utekjøkken/grill.

Me leverar alle typar og kvalitetar montert på plassen.

Benkeplater i svart og kvit granitt har me inne på lager. Standardmål på desse platene er 240cm x 62,5cm.

Me kapper platene etter din teikning, samt lagar hol til vask og platetopp. Merk at det er ekstra nøye med korrekte mål for tilpassing av benkeplater i stein.Dersom du ynskjer det kan me kome på plassen og ta eigne mål.