Gravsteinar

Me tilbyr

  • Nye steinar
  • Natursteinar med eige særpreg
  • Lever stein sjølv – få den dekorert slik de vil
  • Restaurerering og tilføying.

Kort om Gravminne

Gravminne er markeringar av ein gravstad. Dei kan vera alt frå enkle forgjengelege gjenstandar som trekrossar til veldige konstruksjonar.

I dag lagar ein typisk gravminne i stein med namnetfødsels– og dødsdatoen til den døde, og kanskje ein liten tekst om han. Ofte er det også ei kunstnarisk ramme rundt gravminnet.

Gravsteinen fungerar ofte som eit symbol på den døde. I høgstunder vel mange å vitje grava og samla seg rundt gravsteinen med blomar og lys. Dette er for å minnast dei døde, og for å ta dei med i feiringa som dei før var ein del av.

Gravsteinar vert ofte vitja når ein treng tid for å sørgje, tenke eller be. Ofte kjenner ein ei trong til å kommunisera med den gravlagde, spesielt i nær tid etter gravferda. Ei grav med gravminne er ein plass der ein kan ta seg tid, og få letta tankane sine.